India på 66. plass i matsikkerhet

Av Trond Sæbø Skarpeteig

18.10.2012: Ein ny global studie om nasjonal matsikkerhet plasserer India på 66. plass av 105 land. USA og Kongo havner på hhv første og sisteplass, og Kina på 38. India har har dimed mykje dårlegare matsikkerhet enn utviklingsland som Sri Lanka, Malaysia, Honduras, Kazakhstan, Botswana og Guatemala. FIAN åtvarar allikevel mot fornya satsing på effektivisering i landbruket, så lenge mangelen på fordeling og tilgang til mat er hovudårsaken til svoltproblema i India.

- Vi er svært dårlege når det gjeld ernæring. Katastrofalt dårlege. Vi gjer det ikkje så dårleg på andre område, sa Abhijit Sen, medlem av Indias statlege planleggingskommisjon etter lanseringa av den globale matsikkerhetsindeksen i New Delhi 3. oktober.

Economist Intelligence UnitStudien utført av Economist Intelligence Unit (EIU) avslører at 19 % av Indias befolkning ikkje får det minimum av kaloriar eit vaksent menneske treng, noko som fører til 224,6 millionar underernærte.

Underernærte i India bruka i snitt 240 kaloriar mindre enn dei 1780 kaloriane som er anbefalt av FNs jord og landbruksorganisasjon (FAO).

Så langt seier denne studien det same som alle andre studiar av ernæring i India sei siste tiåra: Ein ufatteleg stor del av befolkninga i India svelt kontinuerleg.

FIAN vil åtvara mot den forenkla forståinga av matsikkerhet som kjem fram i denne rapporten. Auka avlingar i India er knapt ein del av løysinga på Indias matsikkerhetsutfordringar – med mindre det blir etablert fordelingsmekanismar som sikrar utstøytte delar av befolkninga tilgang til dei nye godene.

EIU har utført studien på oppdrag frå det USA-baserte selskapet DuPont, og DuPonts visepresident James C. Borel seier at DuPont trur dei kan finna forskingsbaserte løysingar på den globale mattryggleiksutfordringa gjennom samarbeid med bønder, styresmakter, organisasjonar og andre selskap – gjennom å maksimera avlingane frå dagens jordbruksareal.

Stud

ien viser at India har for liten tilgang på vitamin A og jern, og relativt lite protein. India brukar berre ein prosent av bruttonasjonalproduktet på landbrukforsking, noko som plasserer India nær botn mellom samanliknbare land. Rapporten legg også vekt på at dårleg infrastruktur hindrar god mattryggleik.

Sen påpeikar at Indias 12. femårsplan bør prioritera Offentleg-Privat-Samarbeid (OPS), men samtidig skapa metodar som kan støtta småbønder til å organisera seg og samarbeida med styresmaktene og industrien for å auka matsikerheten.

FIAN understrekar at det er naivt å ha eit einsidig fokus på auka matproduksjon i India åleine. Internasjonale studiar av India gjennom mange tiår har slått fast at det finst nok mat til å metta alle i India – det er kjøpekraft og din sosiale status som avgjer kven som svelt.

India er eit sterkt lagdelt samfunn der folkesetnaden er delt inn i kaster. Dei fleste som svelt er kastelause eller lågkaste. Talet på folk som lever i fattigdom i India aukar, trass i sterk økonomisk vekst dei siste to tiåra. Valden mot kastelause dalitar er omfattande og kastesystemet legitimerer sosial og økonomisk marginalisering.

OPS og DuPonts lengsel etter statlege indiske rupees for å få til auka avlingar i India er knapt ein del av løysinga på Indias matsikkerhetsutfordringar – med mindre det blir etablert fordelingsmekanismar som sikrar utstøytte delar av befolkninga tilgang til dei nye godene.

Mat-Beat 16. okt. 2013

Kom på fest og bli med å feire verdens matsikkerhetsdag! Mat-Beat (leses ”matbit”) skal markere den internasjonale matsikkerhetsdagen, den 16. oktober, etter en ide fra FIAN Norge.

Ta kontakt om du vil jobbe frivillig under Mat-Beat. Lag et Mat-Beat der du bor!

Les mer her.

Bli medlem!

FIAN Norge trenger flere medlemmer som vil hjelpe oss å forsvare alles rett til mat.

Bli medlem du også!

Nyhetsbrevet Mat og Rett
Årsmelding 2012

2012 var et begivenhetsrikt år for FIAN Norge. året var ikke uten turbulens, men det ga også viktige seire.

Last ned FIAN Norges årsmelding 2012 her.