FIAN glad for nye menneskerettsprinsipp

FNs menneskerettar

24.10.2011: Dei nyleg vedtekne Maastricht-prinsippa for utanomteritorielle plikter er eit viktig verktøy for retten til mat og for matsuverenitetsorganisasjonar.

Av Trond Sæbø Skarpeteig og Ida-Eline Engh

Utanomterritorielle menneskerettsplikter (Extraterritorial Obligations – ETOs) betyr at statar har plikt – åleine eller saman – til å verna menneskerettane for kvart individ.

- Dette er ein viktig reidskap for menneskerettsorgansiasjonar og sosiale rørsler som er utsett for menneskerettsbrot som følgje av andre statars aktivitet i deira land, seier FIAN Rolf Kunnemann.

Slike plikter har i mange land så langt fått lite vekt i lover, politikk og praksis. Statar har hatt ein tendens til å avgrensa pliktene sine til eige territorium – trass i det store behovet for internasjonale reguleringar og prinsippet om at menneskerettane er universelle. Dette snevre, territorielle synet har ofte hindra at menneskerettar har blitt verna i internasjonal politikk, og har ført til færre reguleringar basert på menneskerettar. Situasjonen er spesielt vanskeleg innan økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar (ØSK-rettar). ETOs kan difor bidra til ei slik klargjering på område som internasjonale investeringar, bistand, internasjonal handel og reguleringar av transnasjonale selskaps verksemd.

ØSK-rettane har fått vesentleg svakare vern i kjølvatnet av den økonomiske globaliseringa dei siste 20 åra. Matkrisa er til dømes hovudsakleg eit resultat av det internasjonale aktørar har gjort, og reguleringar av både transnasjonale selskap og mellomstatlege organisasjonar har vore manglande – nettopp av di dei fell utanfor ein stats territorium.

Maastricht-prinsippa for utanomterritorielle plikter er eit viktig steg for å bøta på dette gapet. Prinsippa vil vera viktige for menneskerettsorganisasjonar som FIAN og for sosiale rørsler som slost mot utanomterritorielle menneskerettsbrot.

Maastricht-prinsippa er utforma av den internasjonale juristkommisjonen (ICJ) og eit utval respekterte ekspertar på internasjonal rett og menneskerettar som var samla på Maastricht-senteret for menneskerettar ved Maastrichtuniversitetet. FIAN International har vore sekretariat for nettverket og spelt ei viktig rolle i arbeidet med prinsippa. Også Senter for menneskerettar, Universitetet i Lancaster, FNs komite for økonomiske, sosiale og kulturelle menneskerettar, FNs spesialrapportørar for retten til mat og retten til vatn, Amnesty International og Human Rights Watch har voremed på arbeidet.

Les og last ned Maastricht-prinsippa her.

Mat-Beat 16. okt. 2013

Kom på fest og bli med å feire verdens matsikkerhetsdag! Mat-Beat (leses ”matbit”) skal markere den internasjonale matsikkerhetsdagen, den 16. oktober, etter en ide fra FIAN Norge.

Ta kontakt om du vil jobbe frivillig under Mat-Beat. Lag et Mat-Beat der du bor!

Les mer her.

Bli medlem!

FIAN Norge trenger flere medlemmer som vil hjelpe oss å forsvare alles rett til mat.

Bli medlem du også!

Nyhetsbrevet Mat og Rett
Årsmelding 2012

2012 var et begivenhetsrikt år for FIAN Norge. året var ikke uten turbulens, men det ga også viktige seire.

Last ned FIAN Norges årsmelding 2012 her.